Songtekstar

Send meg en E-post:

post@boclausen.com

Ring meg

+47 949 70 854

Bo Clausen

Låtskrivar og songartist

Songtekstar

Her finn du tekstar til songane mine. Ver klar over at desse tekstane ikkje kan nyttast i nokon offentleg samanheng utan skriftleg løyve frå meg eller frå Tono. Etter grundig gjennomtenking vel eg allikevel å leggje ut tekstane mine her, slik at du kan lesa dei, om du har lyst til dette. Gud velsigne deg!

Du vet alt om meg.


Gud som skapte jorden,

ved ditt allmaktsord.

Du bryr deg om hver enkelt,

dekker for meg ditt bord


 Refreng:

Du vet alt om meg

for intet kan skjules for deg

Du skapte alt og du formet meg

og visste om hele min veg.


Da jeg var en fremmed

og borte fra deg.

Du kjente mitt hjerte,

min lengsel etter deg.


Gud, du er rettferdig,

det er ikke jeg.

Jeg, jeg var en synder,

gikk min egen vei.


Du så all min smerte,

tok det alt på deg.

Bar det opp på korset

frelse det fikk jeg


Gud du ser min fremtid

alt som der skal skje.

Du som gir meg hvile,

takk for all din fred.


Sletta 15.05-18

© 2018 Bo Clausen

All rights reserved.

Den gode hyrdingen


Vårsola skin utpå bakken i dag, og hyrdingen passar på sauen.

Herren har teke meg inn i sitt lag, han vernar meg modig mot dauden.

Korkje ulv eller bjørn skal få tak i meg, for din kjepp og din stav dei er der.

Så ligg eg i graset og kviler meg, for Herre du vaktar meg her.


 Jesus er hyrdingen som leier meg til grønt gras og vatn i livet.

Han kjenner meg godt, og Han tek meg med Seg slik at eg får veksa og trivast.

Han tek vekk alt vondt i frå livet mitt. Eg elskar den gode hyrding.

Eg får det eg treng, for Han leier meg, for Herre Du sørgjer for meg.


Og skulle eg koma i daudens dal, så reddast eg ikkje for dette.

Sjølv der er du med meg, og leier meg fram mot Himmelens hallar der framme.

Og ein dag så kviler eg heime hos Han som leia meg gjennom livet.

Då skal eg få kvila i Himmelens hall, i tryggleik i alle tider.


Sletta 6/6-18 © 2018 Bo Clausen

All rights reserved.

Guds omsorg

(Jesus, du er all mi trøyst)


Jesus, du er all mi trøyst

Gud over alle ting.

Ved ditt offer vart eg løyst,

manglar ingenting.

Du tok mi sjel, helbreda ho,

gav liv i overflod,

Hjartet mitt fekk fred og ro

Herre Du er god.


Då eg var eit lite barn,

var eg i di hand.

Sjølv om livet tyktes hardt,

kvar gong dagen rann.

Ser eg no at du var der,

med ei kjærleg hand.

Og, min Gud, du gav meg her

ein engel som meg fann


Framtid har du gjeve meg,

von om gode ting.

Eg får vandra på din veg,

væra berre din.

For den vegen skapte du

i kjærleik til ditt barn.

Tok meg opp i handa, Gud

takk for alt du gav.


Sletta 15.05-18

© 2018 Bo Clausen

All rights reserved.

Gud, full av miskunn og nåde


 Samme korleis eg enn har det,

veit eg at du er her.

For Gud, du bur hos den låge,

som kjenner han inkje er verd


Refreng:

 Gud, full av miskunn og nåde,

Gud, full av kjærleik og fred.

Gud, det er meg ei gåte

at du verkeleg elskar meg.


Når sjela mi gret salte tårer,

du samlar dei i flaska di.

Dei vert der hos deg og det vårast

og eg vert sett verkeleg fri.


Når livet er heilt utan meining,

du sender din Ande til meg.

Eg kjenner Han trøystar gjev reinsing,

og gleda, den kjem i frå Deg.


Så får eg kvila i håpet,

om at du tek deg av sjela mi.

Om at Himmelen har vorte målet

der dei lever til æveleg tid.


Kor:

Gud, full av miskunn og nåde,

Gud, full av kjærleik og fred.

Eg ber at eg ein gong må nå dit,

og få oppleva himmelens fred.


Sletta 5.juni 2018 © 2018 Bo Clausen All rights reserved

Jesus du er all mi trøyst


Jesus du er all mi trøyst,

Gud over alle ting.

Ved ditt offer vart eg løyst,

manglar ingen ting.

Du tok mi sjel og lækte ho,

gav liv i overflod.

Hjarta mitt fekk fred og ro,

Herre Du er god.


Då eg var eit lite barn,

var eg i di hand.

Sjølv om livet tyktes hardt;

når kvar morgon rann.

ser eg no at du var der,

 med ei kjærleg hand.

Og min Gud, du gav meg der,

ein engel som meg fann.


Framtid har du gjeve meg,

von om gode ting.

Eg får vandra på din veg,

væra berre din.

For den vegen skapte du,

i kjærleik til ditt barn.

Tok meg opp i handa, Gud.

Takk for alt du gav.


Sletta 15.mai 2018 © 2018 Bo Clausen All rights reserved.

Eg elskar deg!


Min kjærleik det gjev eg deg dag etter dag,

for at du skal få kjenna min fred.

Når du lever med meg, skal du vita at eg

alltid heldt augo mine på deg.


Refreng:

For eg er med deg, kvar ein dag, kvar ei stund

Uansett korleis du kjenner deg.

Eg har gripe di hand, eg dreg båten i land,

kvar gong livsstormen herjar med deg.


Kvar dag når vi går framover, møter vi på

alt det verda kan setja i mot.

Men gløym ikkje at eg vann ein siger for deg,

då til dauden eg leid på eit kors.


Og mjot æva vi vandrar, for alltid vi skal

væra saman vi to, du og eg.

Du skal væra mi brur, veit du, berre du trur,

for av hjarta så elskar eg deg.



Sletta 12/6-18 © 2018 Bo Clausen All rights reserved.