Forside

Send meg en E-post:

post@boclausen.com

Ring meg

+47 949 70 854

Velkomen til Låtskrivar og songartist Bo Clausen sin heim på Internett.

Litt om Låtskrivar og songartist Bo Clausen:


Eg har skrive dikt så langt tilbake som eg kan hugsa, men flesteparten har vorte borte i løpet av livet. No, når eg har vorten gamal, har eg teke til på nytt, men denne gongen tenkjer eg at eg skal ta vare på dikta mine, og dessuten bruka dei. Difor set eg melodi til dei.


Eg har vitja kyrkjer og bedehus med både gitar og song før i livet, men denne gongen er det annleis. No syng eg berre eigne songar, og det har vorte mange av dei. Det er flott å sjå at dei tekstane eg sjøl skreiv ned fyrste gongen, rører ved hjarta til dei som høyrer meg syngja. Dette gjev meg ei glede som mest er ubeskriveleg!


Andre som syng kan også få bruka tekstar og melodier som eg har ført i penne. Sjølv er eg registrert hos Tono, og eventuelle avtalar om bruk må gjerast med dei.

Frå ein opptreden på Låven, Sletta. 

Hovudtema i diktinga mi er Jesus, det Han var og det Han gjorde.

Mannen Jesus levde på jorda for mest to tusen år sidan. Korleis kan det då ha seg at Han har så stor innverknad på oss som lever i dag? Slik eg ser det, er svaret at Jesus er Kristus - den Messias som var lova Israel frå patriarkane si tid. Han er også Den lova ætt - Kvinna si ætt, som skulle knusa slangen sitt hovud.


Dette gjorde Han også då han frivillig gav livet sitt på korset. Der på korset sigra Han over alle makter, og tre dagar deretter viste Han seg som sigerherre, då han stod opp frå dei daude. Ei tid etter dette, for Han opp til Himmelen, der han i dag lever ved Faderen si side. Han er også nær alle som trur på Han, og eg har sjølv kjent den kontakten som Han heldt med meg i mitt daglege liv.


Jesus er også den som utøyser av Den Heilage Ande, og den er ved denne Andens kraft eg skriv mine songar. Dei berre kjem til meg, fullt ferdige med både tekst og melodi. Difor kjenner det som ei ekstra stor glede å få syngja desse songane, og det gler meg overlag å sjå korleis dei verkar på folk.

Jesus kaller seg sjølv Livets brød, og mest ingen ting i kosthaldet vårt er viktigare enn brød.

Tekstar - melodier - rettigheiter - eigedomsrett.

Når eg skriv ein tekst eller ein melodi, er den juridisk sett min egedom. Det minner om huset ditt. Anten du eig det eller leiger det, er det du som har dissposisjonsretten over det. Om eg eller nokon annan derfor tek oss inn i stova di og tek med oss noko du har kjøpt, så er det rett og slett tjuveri. Det same gjeld tekstar og melodiar som eg og andre kunstnarar lagar.


For mange av oss er det tekstane, melodiane, måleria eller skulpturane som heilt eller delvis dannar grunnlaget for økonomien vår. I mitt tilfelle gjeld dette tekstar og melodiar som eg skriv. Når du brukar mine åndsverk til å lage din eigen CD, er dette flott. Det eg vil, er at du tek kontakt med meg, slik at vi kan gjera ein avtale om dette. Dersom eg - eller Tono - i ettertid oppdagar at mine åndsverk har vorte misbrukt på denne måten, vil det verte ein reaksjon. Når det gjeldt framføring i kyrkjer og andre forsamlingslokale, ber eg om at det vert sendt inn melding om bruk til Tono. Anna bruk er faktisk tjuveri - noko kristne kyrkjer ikkje skal driva på med.


Om du vil bruka mine åndsverk i ein konsert, tek du berre kontakt med meg eller med Tono.


Etter kvart vil det koma lovsangskor på både Nynorsk, bokmål og engelsk. Desse er lagde for fri bruk, og kan fritt brukast av alle. For å få notar, kan du ta kontakt med meg.

Tilgjengelege tekstar


Nye songar vert lagde til etter kvart. Dersom det er interessen for å bruke songar, anten det er i konsert, kyrkje eller platesamanheng, kan ein enten kontakta Tono eller meg personleg for å få tilsendt tekst og musikk.

Naturen der eg bur, er ein stor inspirasjon når eg skriv låtar. Her er utsikta frå utedøra vår.

Her er dei songane som er tilgjengelege pr dags dato:

 

  1. Øgene dine Bergensk Gospel
  2. Det renn ei elv i verda. Nynorsk Gospel
  3. Berre av din nåde. Nynorsk Gospel
  4. Nåde over nåde Nynorsk Gospel
  5. Du vet alt om meg Bokmål Gospel
  6. Jesus sigra på Golgata Nynorsk Gospel
  7. Jesus Du er all mi trøyst Nynorsk Gospel
  8. Gud full av miskunn og nåde. Nynorsk Gospel
  9. Livets brød Nynorsk Gospel
  10. Gud, full av miskunn og nåde
  11. Eg elskar deg
  12. Åndeleg protestvise

 

Lovsangskor er i utgangspunktet til fri bruk. Vilkåra for bruk av lovsangskor finn du på denne linken, der finn du også kora.

 

Etter kvart vil det verte mogeleg å trykkja på linkar for å høyra songane.